Vi er på den lille øya Lepsøy utafor Ålesund. Mot vest er horisonten uforstyrra delt i to mellom himmel og hav, men langs land ligg det mykje som ikkje burde vore der. Heldigvis er det her, heilt ute i havgapet, at Plastpiratene heldt til.

Beate, hunden Betty og Randi på Lepsøy.

Plastpiratene ryddar, dokumenterer og engasjerer. Dei inviterer til dugnad, får med seg kjende og ukjende og dei med båt og traktor. Til og med det lokale A-laget er engasjert. Det viser seg nemleg at å dra digre dekk og tungt avfall er fantastisk trening.

– Kven treng cross-fit då, seier Randi retorisk, ei av to bak Plastpiratene.

Kvardagen til ein Plastpirat

– Vi som står bak Plastpiratene er Beate Kjerstad, sjukepleiar i heimesjukepleien, og Randi Kjærstad Hagerup, som er student ved Høgskulen i Volda. Det heile begynte i fjor med funnet av plastkvalen utanfor Sotra. Vi ville ta ei lita ryddeøkt i fjøra og har ikkje stoppa sida. Plastpiratene har blitt vårt namn utad, spesielt gjennom Instagram-kontoen som viser fulltidshobbyen vår; å rydde i strandsona.

Så, korleis er tilstanden på Lepsøy no om dagen?

– Det står ikkje så veldig bra til, det er mykje boss og det kjem heile tida meir. Det som er bra er at folk no vaknar og ser dette. Som regel er det berre oss to som ryddar, men vi bur på ei lita øy med utruleg sterk dugnadsånd. Spør vi om hjelp så får vi alltid det. Då stiller vi opp med kaffi og kakao og det er alltid fine aksjonar.

Frå henting av boss på vestsida av Lepsøy.

Ser dykk noko resultat?

– Ja, eit eksempel er då vi hadde stor-rydding på baksida av øya kor storhavet kjem rett inn. Her er det ingen veg til strandsona så vi fekk to helikopter til å fly avfallet vekk. Ei lokal dame på rundt 70år sa ho ikkje kunne huske at det har vore så fint der før. Det var jo forbetring, men eg hadde ikkje hjarte til å peike ut alt som låg att.

Plastjakt på djupt vatn

Under den store strandryddedagen reiste Plastpiratene ut til to øyar utan fastlandsforbinding og var avhengig av å få med kyndig hjelp av nokon med båt. Det lokale båt-og skipsmiljøet har vore til god hjelp så langt og har lenge hatt ei positiv endring.

Korleis er engasjementet bland skipsnæringa i området?

– Tidlegare vart bosset kjørt rett på havet frå skipa, men no har mange forbrenningsovnar ombord. Her ute er dei lokale rederia med på prosjektet “Fishing for Litter”. Ein vi snakka med sa dei hadde fiska på djup sjø utanfor Grønland. Der hadde dei funne bland anna kjøleskap og russiske vaskemaskinar, openbart ting som ikkje var mista overbord.

Frå den store hentedagen på Lepsøy i 2017.

Kva er det raraste dokke har funnet?

– Det raraste, nei kva kan det ver? Ski og skisko? Nokon har tydelegvis vore skikkelig lei vinteren! Vi finn òg ein del flasker med kinesisk skrift, russiske ting, PC-skjermar og her om dagen fann vi kalinkakefir. Og heldigvis vil Storbritannia endeleg innføre pant på plastflaskar, for dei ser vi òg mykje til. Jo, og så vi har blitt kjend med Shetland etter at vi har funne vêrballongar derifrå.

Det er jo ein god måte å bli kjend med folk på! Her heime har plastproblemet i havet endeleg kome på den offentlege agendaen. Merkar du ei haldningsendring?

– Ja, det gjer eg heilt klart. Når eg er på lokalbutikken så høyrer eg no menna i “juga-hjørnet” snakke om plast i sjøen og kor ille det er. Mange her har jobba på sjøen og har ein stor kjærleik for havet. Det er finurleg å høyre at godt vaksne menn er bekymra.

Bossrydding i horisonten.

Ein plastryddars 5 om dagen

Mange har eit ambivalent forhold til havet. Det skummelt, men viktig. Langs kysten har mange mista nokon til havet, men det er òg ein kjærleik der. Det er bilete av solnedgangen i horisonten og fisking i fjorden. Kjærleiken til havet ligg i oss utan at vi har tenkt så mykje på det før no. Men no er det kanskje ikkje så fint som vi har tenkt oss lenger?

Så, det store spørsmålet; korleis kan ein bli involvert i arbeidet dykkar?

– Når ein først begynne å sjå bosset så er det fort overalt. Om alle hadde bøyd seg ned for å ta opp det rusket på parkeringsplassen eller emballasjen i grøfta på veg til jobb, så hadde det gjort utruleg forskjell. Eg pleide å ver litt flau for å gjer det, men no har eg ingen blygsel. I tillegg så vil eg gjerne ha ein ‘5 om dagen’ for å dytte vanane våre utan fullstendig omlegging, noko sånt som:

1. Pant flaskar istadenfor å kaste dei i bosset.
2. Plukk opp rusket på bakken.
3. Ta med eigen kopp istadenfor eingongskopp.
4. Ta med handklenett på butikken.
5. Bruk brødposten fleire gonger.

Teigne, oljekanne, flaskar – lista er lang.

Og heilt til slutt, ei enkel oppfordring til oss halvgrøne?

– Du veit dei tynne posene ein skal ha frukt og sånn i? Dei kan erstattast med kjøkenhandkle. Ein tar gamle kjøkenhandkle, klypper dei i to og syr enkelt posar. Mykje frukt og grønt treng ikkje poser, men ein vil jo ikkje ha typ druer strødd overalt på samlebandet… Og ein liten bonus er at ein rydda i kjøkenskuffa!