Amalia-Louise Miniggio (24) reiser land og strand med foredrag og prosjektet “Amalia plukker opp”.

Amalia plukker opp

Dette er ikkje søppel og likevel kaster butikkene store mengder spiselig mat hver eneste dag. Amalia er ein aktiv dumpster diver og med god grunn.

Det gjer noko med ein det å vakse opp med vill natur nærme seg. Det å kjenne at ein er fri ute i vêr og vind og at ein er ein del av det ville, store og heile. Amalia kjem frå Kvænangen i Troms og vaks opp med akkurat det.

Ho flytta etter kvart til Bergen og etter endt studie i interiørdesign tok ho seg eit friår kor målet var å reise. Først til Chile og så interrail i Europa. Men anten det var med buss eller tog så låg det heile tida boss langs veikanten, og tilbake i Norge såg ho at problemet var det samme her, berre ikkje heilt på samme nivå – ennå.

Plukka boss kvar dag i 70 dagar

Amalia, kor når vi deg no?

– Akkurat no er eg i Bergen med sol og 28 grader. Eg er her for å halde foredrag om forbruk gjennom prosjektet mitt “Amalia plukker opp”. Det vert på VilVite i forbinding med deira forbruksuke og eg gler meg veldig.

Korleis starta “Amalia plukker opp”?

– Det begynte med at eg vart satt ut over dei mengdene med plast eg såg då eg reiste, men eg starta “Amalia plukker opp” etter funnet av Sotra-kvalen. Då tenkte eg “no har det gått for langt, når dyra dør av plasten vi produserer – kva kan eg gjer?”

"Amalia plukker opp" med Miljødirektoratet på strandrydding

Amalia vart med Miljødirektoratet på strandrydding i Hordaland.

Amalia begynte eit prosjekt kor ho reiste rundt i Norge i 70 dager og plukka boss. Dette vart dokumentert på sosiale medier via “Amalia plukker opp”. Det begynte i det små med eit bilete om dagen av det ho hadde funne eller dei ho vart kjend med langs vegen. Det utvikla seg fort til noko meir.

Korleis gjekk dette prosjektet?

– Prosjektet handla aldri om å plukke mest mogleg boss, for eg er éin person og det er begrensa kor mykje ein får gjort åleine når ingen veit om det. Så hovudfokuset var å formidle kor mykje plast som ligg ute i naturen og å få med fleire. Eg har fått utruleg mykje tilbakemelding på det. Mange er overraska over kor mykje som er ute og kva ein finn når ein begynner å plukke. Og nokon har starta eigne liknande prosjekt.

Prosjekt: Zero Waste Van

Frå eit prosjekt til eit anna, kva driv du med no for tida?

– Eg har kjøpt meg bil og starta eit prosjekt som heiter Zero Waste Van. Eg vil ha fokus på dei ressursane vi har tilgjengelege. Planen er å bygge om motoren så han kan gå på brukt frityrolje og innreie så ein kan bu der. Alt i bilen vil eg skal ver brukt, rest eller redesign. Eg håper dette kan inspirere andre til å bruke opp det ein har.

Les også: Å kjøre bil på frityrolje

Les også: Naturvokterne: Møt plastpiratene

Amalia med prosjektet "Amalia plukker opp"

– Planen er å leve heilt zero waste frå august til oktober, seier Amalia om prosjektet Zero Waste Van.

Kva vil skje med Zero Waste Van når han er klar til bruk?

– Del ein er å bygge han om og så gjer han heilt klar til august. Del to er å reise rundt og plukke boss, halde foredrag og å leve heilt zero waste ut oktober. Då begynner det kanskje å bli litt kaldt til det her til lands.

Mindre plast og meir forbrukarmakt

Amalia har vore opptatt av natur- og miljøvern sida ho var lita. Tidlegare har ho ikkje gjort noko konkret for å ta vare på han, kanskje vore støttemedlem i ein organisasjon, men det er det. Funnet av Sotra-kvalen vart vekkinga og no er hovuddrivkrafta det å ta vare på dyra som lider på grunn av oss og vårt forbruk.

Heilt til slutt; ei anmodning til folk flest?

– Tenk over påvirkningskrafta di som forbrukar. Som forbrukar har vi ei enorm påverkningskraft, mykje større enn vi trur. Det vert lagt merke til kva vi går kledd i og maten vi kjøper. Mange trur eg gjer alt riktig, men det er ikkje fakta. Eg prøver berre å gjer det eg kan.

– Jo, og så vil eg anmode folk til å plukke boss ein gong i veka, ta bilete av det du finn og legg det ut på sosiale medier. Inviter gjerne med folk og husk at sjølv om det kan føles lite, så har det ringvirkningar.

Amalia plukker søppel med prosjektet "Amalia plukker opp"

Kva med å plukke ein pose med boss neste gong ein er på tur? #plukkenpose

Les også: Den forbanna plastposen

Les også: En guide til kognitiv dissonans