– Oppfatninga om at me må øydelegga natur for å redda klimaet, er ei paradoksal og farleg misforståing.

Vindmøller på land hjelper kanskje klimaet, men det skader norsk natur og artsmangfold, skriver artikkelforfatterne.

– Kanskje er me den siste generasjonen som får sjansen til oppleva natur heilt fri for menneskelege inngrep, skriver artikkelforfatterne. Foto: Bjørn S. Hojem / Flickr

BT-kommentator Hans K. Mjelva hevdar i eit innlegg i Bergens Tidene 1. april at naturvernar «slåst blindt» for naturen, og at nokre av dei mest ortodokse er å finna i Hordaland. Heldigvis er me ikkje så sneversynte som Mjelva gir inntrykk av. Tvert imot tør me påstå at me har ei gjennomtenkt og heilskapleg tilnærming til vindkraftdebatten.

I fjor kom FNs klimapanel med ein rapport som viser at verda må gjennom endringar me aldri har sett maken til for å nå klimamåla. Ingen i Naturvernforbundet Hordaland er ueinige i at vindkraft er ein  del av det grøne skiftet verda må gjennom for å stoppa dei farlege klimaendringane. Men klimaendringane er faktisk ikkje det einaste overhengande miljøproblemet me står ovanfor.

I februar i år kom ein omfattande studie som viste at 80 prosent av insekta på jorda har forsvunne sidan 90-talet. I mars kom FNs naturpanel med ei sterk åtvaring om at den dramatiske øydelegginga av den naturlege verda og masseutryddinga av artane på jorda er eit minst like alvorleg problem som global oppvarming. Ifølgje WWF sin siste rapport var det meir enn dobbelt så mange dyr på jorda for 40 år sidan.

Noreg er ikkje noko unntak i denne utviklinga: Kvar femte norske art står på raudlista over artar som står i fare for å døy ut. Øydelegging og oppstykking av naturen utgjer 87 prosent av grunnen til dette. I Sør-Noreg har me mindre enn 5 prosent villmark igjen, ein nedgang på over 90 prosent sidan år 1900. For mange av oss er det ei svært sår framtidsutsikt at villmark snart kan vera historie. Kanskje er me den siste generasjonen som får sjansen til oppleva natur heilt fri for menneskelege inngrep?

Les også: Verdens insekter er i ferd med å forsvinne

Klimaet kan ikke fikses ved å glemme hensynet til naturen, skriver artikkelforfatterne. Vindmøller på land er derfor en uoptimal løsning.

Fra Statkrafts vindmøllepark på Smøla. Foto: Bjørn Iuell / Statkraft

Om folk likar å sjå på vindturbinar eller ei, om ein likar å ha nettverk av anleggsvegar i naturen eller ikkje – så veit me i alle fall med sikkerheit at eit overveldande fleirtal av våre medskapningar ikkje likar det. Dei stadig fleire inngrepa me menneske gjer i naturen, trugar eksistensgrunnlaget til stadig fleire artar.

Oppfatninga om at me må øydelegga natur for å redda klimaet, er ei paradoksal og farleg misforståing. Det er heilt rett at det vil vera katastrofalt for naturen om me ikkje klarar å bremsa global oppvarming. Men å øydelegga økosystem og utrydda artar for å redda klimaet, vil gje naturen det verst tenkelege utgangspunktet i møtet med klimaendringane.

Det spelar neppe noko rolle for artane om dei vert utrydda av klimaendringar eller naturøydelegging. Intakt natur som myr, våtmarksområde og skog fungerer dessutan som karbonlager, skydd mot ras, storm og uvêr som klimaendringane vil gje oss meir av. Naturen er kloden sitt immunforsvar, og vår beste livsforsikring i møte med klimaendringane. Av alle desse grunnane må me ta vare på naturen me har att.

Me produserer allereie store mengder fornybar energi i Noreg. Både frå hundrevis av vasskraftverk, men også frå 36 vindkraftverk som allereie er bygd ut. Ytterlegare 70 vindkraftverk har fått konsesjon av NVE. Spørsmålet er altså ikkje om me skal ha vindkraft i Noreg eller ikkje, men kor grensa skal gå. Me meiner tida for lengst er inne for å ta i bruk klokare tiltak.

«Ikkje i min bakgard» er eit argument me naturvernarar stundom møter når me er kritiske til naturinngrep. Men det er faktisk nettopp i «bakgarden» me ynskjer å sjå klimatiltak. Ikkje i form av gigantiske vindturbinar og kilometervis med anleggsvegar i den storslåtte fjell- og kystnaturen vår, men i form av kortreiste tiltak der me bur og lever.

I Noreg har me eit enormt, unytta potensial for å bruka energien me allereie har smartare og meir effektivt. Gjennom energieffektivisering kan me ifølgje Enova utløysa energi tilsvarande 40 nye Alta-kraftverk utan at me treng å setta ein spade i jorda, og utan at det går ut over folk sin komfort.

Ifølgje NVE kan termisk energi som jord- og bergvarme dekka alt oppvarming- og nedkjølingsbehov i Noreg. Og viss me i tillegg moderniserer gamle vasskraftverk og bygger solceller- og solfangarar på hustak, vil me overoppfylla behovet for fornybar energi til å fullelektrifisera Noreg. I tillegg vil vi ha moglegheit til å halda fram med krafteksport som i dag. Skulle me ynska endå meir, kan me velja å satsa på å verta verdsleiande på flytande havvind.

Det manglar altså ikkje på alternativ til naturøydeleggande mastodontmøller. Og det beste med dei, er at dei spelar på lag med både naturen og klimaet.

Innlegget sto først på trykk i Bergens Tidene.  

Eventyrer Stein P. Aasheim er av en litt annen oppfatning enn artikkelforfatterne:

Vindmøller og «miljøengasjement»