– Sjå for deg at Noreg hadde eksportert enorme mengder narkotika. Hadde vi ikkje hatt eit ansvar for det då, spør Thor Due, sentralstyremedlem i Natur og Ungdom.

klimasøksmålet mot oljeutvinning i barentshavet

Regjeringen deler ut oljelisenser i Barentshavet, der det biologiske mangfoldet er svært sårbart for både oljeutslipp og klimaendringer. Nå saksøker flere miljøorganisasjoner staten for å ikke ta hensyn til retten til et levelig miljø, gitt i paragraf 112 i Grunnloven. Foto: Pixabay

I dag skal eg ikkje ta på meg ei slitt joggebukse og ullgenser som vanleg. I dag skal eg ta på meg dress og frakk, og spasere inn i Borgarting lagmannsrett.

Der skal eg sette meg ned, og sjå staten representert ved regjeringsadvokaten og Olje- og energidepartementet sette seg ned på sin benk. Eg har nemleg saksøkt staten.

I 2016 delte regjeringa ut ti nye oljelisensar i Barentshavet, lenger nord enn nokon sinne. Nokre av oljelisensane ligg i iskantsona, eit belte av hyperviktig biologisk produksjon i og rett sør for polarisen. Altså, nokre av lisensane som staten delte ut ligg der det kan komme is frå nordpolen om vinteren.

Les også: Dette sier den nye FN-rapporten om hav, snø og is

Utsleppa frå olja og gassen som Noreg sel til utlandet, er ti gonger så høge som utsleppa frå alt som går føre seg i Noreg, skriver Thor Due. Foto: Sigurd Gautun / Natur og ungdom

Fossile energikjelder som olje, gass og kol er hovudårsaka til at vi har klimakrisa. Det å pumpe opp mindre olje vil føre til mindre olje i marknaden, som vil føre til at mindre olje blir brent, som vil føre til mindre klimagassutslepp. Så enkelt er det.

Nokon påstår at andre nasjonar berre vil produsere meir olje viss Noreg produserer mindre, slik at resultatet blir null. Men forskinga viser at dette ikkje stemmer. Jo, andre nasjonar vil produsere meir, men ikkje nok til å erstatte alt som forsvinn ut av marknaden.

Det er altså eit godt klimatiltak å redusere oljeutvinninga. Det finst ingen forsking som viser det motsette.

Les også: Amalie Eliassen: Vi har funnet nok olje til å koke kloden

Mer enn 90 prosent av utslippene fra norsk olje skjer ikke i Norge, men når oljen forbrennes i utlandet. Foto: Pixabay

For meg er ting utruleg opplagt. Alle har jo forstått at regjeringa har ikkje fått til ei god nok nedgang i klimagassutsleppa. Og attpåtil, så skryt olje- og energiministeren av å sette rekord i å dele ut nye oljelisensar.

Politikarane får ikkje til å gjere det rette. Dei får ikkje til å sikre meg min rett til eit leveleg miljø. Ein rett som eg (og du!) har etter Grunnlovens §112. Derfor saksøker vi i Natur og Ungdom staten. Vi gjer det saman med Greenpeace, Besteforeldrenes klimaaksjon og Naturvernforbundet.

I førre rettsrunde i tingretten fekk vi rett i at Grunnlovens §112 var ei rettsbestemming, at det er innafor å saksøke og at staten hadde plikt til å innføre adekvate tiltak.

Men domaren var ikkje einig i at olje som Noreg produserer og sel til utlandet, er Noregs ansvar. Retten meinte altså at når vi berre pumpar opp olja og tener pengar på å få andre til å brenne den og sleppe ut klimagassar, så er det ikkje vår skuld.

Les også: 4 grunner til at dine klima- og miljøtiltak nytter

Tusenvis av barn og unge skolestreiket 24. mai i år – blant annet i Oslo (bildet). Neste dag lyste regjeringen ut 90 oljeblokker. Foto: Thor Due / Natur og Ungdom

Eg er så klart ueinig. Utsleppa frå olja og gassen som Noreg sel til utlandet, er ti gonger så høge som utsleppa frå alt som går føre seg i Noreg. Ti gonger heile Noregs utslepp! Det er sjukt masse.

Noreg tar ansvar for til dømes eksport av våpen til utlandet. Så det blir absurd at Noreg ikkje tar ansvar for olje. Sjå for deg at Noreg hadde eksportert enorme mengder narkotika. Hadde vi ikkje hatt eit ansvar for det, då? Eller ville det berre vore dei som kjøpte og forbrukte narkotikaen som hadde ei ansvar?

Så når folk spør meg kvifor eg saksøker staten. Så tenkjer eg, at i denne tida med klimakrise og stigande klimagassutslepp, hummer og kanari og hundre og eitt ute: kvifor i all verda skulle eg la vere?

Dette sier FNs klimarapport om hav, snø og is