Kjære du som nektar for klimakrisa, kanskje fordi du ikkje tørr å sjå sannheita i auga. Kjære regjeringa med stort og smått. Veit de kva som skjer når barn skjønar at det som snart skal skje er sinnssjukt urettferdig?

Amelia Gomez Snerte mener Erna må ta skolestreikerne og klimaproblemene på alvor.

– Kor mange døyelege flommar, knusktørre flyktningleirar og rapportar frå spesialutdanna forskarar må du sjå før du forstår at det er nok? skriv Amelia Gomez Snerte (16) til Erna Solberg. Foto: Pixabay

Innlegget sto først på trykk i VG.

Eg er dritlei av frie, vaksne politikarar som fullt bevisst går i blinde etter lyden av den raslande pengesekken, heilt utan å føle eit ansvar for framtidige generasjonar. Dei er skammeleg svake i møte med dei lovande orda «makt» og «profitt» som blir kviskra i øyra på dei.

Det dei gløymer, er adjektiva som luskar rundt i bakgrunnen, nemleg MISBRUK av makt og KORTSIKTIG profitt. 

Eg vil ikkje kalle denne oppførselen barnsleg, for sjølv barn klarer å la godteriskåla stå i fred om dei verkeleg vil. Sjølv barn forstår at det kjem ein dag i morgon.

Kjære Erna, eg snakkar til deg og dine. For det er du og den enorme påverknadskrafta di som bestemmer kva som foregår ute i skulegarden.

Kor mange døyelege flommar, knusktørre flyktningleirar og rapportar frå spesialutdanna forskarar må du sjå før du forstår at det er nok?

Det er ikkje meir tid igjen. Du kan prokrastinere og utsette i det uendelege, men naturfagsoppgåva på 6000 ord skal leverast i morgon. Det vil vere for seint å byrje skrivinga 30 min før fristen går ut. 

Les også: Dagens voksne, ass

Amelia Gomez Snerte mener Erna Solberg må ta skolestreiken og global oppvarming på alvor.

I Bergen hadde over 3000 barn og unge møtt opp for å streike for klimaet 14. mars. Åtte dager senere streiket 40 000 landet rundt. Foto: Alva Førsund / Natur og Ungdom

Kjære du som nektar for klimakrisa, kanskje fordi du ikkje tørr å sjå sannheita i auga. Kjære regjeringa med stort og smått. Veit de kva som skjer når barn ikkje får det som dei vil? Veit de kva som skjer når barn skjønar at det som snart skal skje er sinnssjukt urettferdig?

Då plantar dei føtene godt i bakken, rettar ryggen, og flytter seg ikkje før dei får det som dei vil. Her skal ingen rikke seg før alle har funne fram den respekta jorda vår og alle framtidige liv fortener å bli vist.

22. mars valde 40 000 elevar frå heile landet å forlate barnebordet me gong på gong har blitt plassert ved, for å rope og trampe og hoppe og danse og skrike. For det her finn me oss ikkje i. Ingen skal få føkke med livsgrunnlaget til ein heil planet, utan motstand.

Mamma har lært meg å sjå folk i auga når dei pratar til meg. Det er folkeskikk, seier ho, å vise kvarandre respekt og aktivt lytte når andre ytrar meiningane sine, uansett kor ueinig ein er. Men kvar var regjeringa når 20 000 par med føter stod støtt utanfor Stortinget? Kvar var Erna Solberg? Ikkje eit ord frå statsministeren som skal representere og leie folket vårt. Ikkje ein gong eit forsøk på å forklare kva som er så kult at det er viktigare enn ei framtid på ein levande klode. 

Kven er det politikarane skal representere? Ei lita gruppe med grådige egoistar? Eller heile det norske folk, inkludert alle dei som ikkje enda har stemmerett? 

Sjølv om me er unge liv i små kroppar, finst det tydelegvis ikkje grenser for kor stor skuffelse og mangel på respekt denne, og framtidige generasjonar skal tåle å leve med. 

Me vil ha eit folk med god psykisk helse og friske, glade ungdommar. Alle bablar om det heile tida. Men då må politikarane forstå at det er null hjelp i å la oss ligge vakne om natta, fulle av mørke bekymringar som er altfor store for ein tenåring. Då må dei forstå at den redsla dei plantar i meg, og så mange andre, ved å totalt plyndre den einaste vegen me hadde å gå inn i framtida, den redsla skiftar lett ham til beinharde flokkar med dritforbanna ungdom i opprør.

Les også: – Jeg har lyst til å spy

Amelia Gomez Snerte mener Erna Solberg må ta barn og unges skolestreik for klimaet på alvor.

Norsk olje er «den reneste i verden», ifølge oljebransjen selv – og mange norske toppolitikere. Foto: Pixabay

Dei som ikkje klarar å gi slipp på det svarte gullet, kan få kalle det «usedvanleg rein gruve- og oljedrift  som bidreg til det grøne skiftet». Eg kallar det BULLSHIT.

Det er heilt greitt å skryte i det uendelege av den nye grøne dietten ein har begynt på, alle treningsøyktene ein har hatt den siste veka, og alle dei sunne smoothiane, og vere fornøgd med det. Men har det så mykje å seie, når du kveld etter kveld, år etter år, held fram med å småete sjokolade, karamellar og chips i smug?

Er det slik at om eg fyrst et ei brødskive med Nugatti, men deretter ei brødskive med salat og tomat, så går eg i null? Så er det liksom greitt?

Om det norske folk er flinke til å køyre elbil, resirkulere og ete kortreist mat, men samtidig borar etter meir og meir olje, flyr til Granca og Thailand i fellesferiane, pluss eit par helgeturer til Paris og London, og har eit overforbruk i verdsklasse. Kan me då kalle oss eit land med fokus på bærekraft? Kan me då gøyme oss bak at Oslo er kåra til Europas miljøhovudstad?

Alle monnar drar, alle riktig sorterte plastemballasjar er eit steg i riktig retning. Men. Det. Er. Ikkje. Nok.

Me må alle innsjå at for å redde kloden vår, må me ofre noko. Luksuslivet utan bekymringar er me ferdige med, så lenge det går på bekostning av morgondagens heltar. Fordi altfor mange vaksne er for feige til å ta det fyrste steget, har elevar over heile verda tatt det saman. For kva skal ein med ei utdanning om ein ikkje har ei framtid?

Eg vil si tusen takk til alle sterke og kloke streikebarn. Saman lagar me bråk og liv og lys og håp, og ikkje minst, EI FRAMTID.

Visste du at unge bekymrer seg mest for klimaet? Les om det gryende generasjonsopprøret her:

Generasjon Greta