23 år gamle Elise Gulestøl har med Oblivion laget en av årets mest omtalte kortfilmer, der hun kritiserer moteindustrien. Og, ja, hun lever som hun lærer!

elise

Elise Gulestøl in action

Om jeg sier vestlandet, hva sier du da?

– Hjemme.

Hva betyr naturen for deg, og hvordan har den påvirket deg?

– Eg vaks opp på ei lita øy heilt ute på vestkysten, og syntest det var forferdelig kjipt. Mykje regn og vind, og dårleg med jobb- og helsetilbod. I dag har familien min flytta til ein liten by ved kysten, og eg blir alltid roleg i sjela og glad når eg er på besøk, då eg bur i Oslo til vanleg. Ingenting kan erstatte havet, vinden, saltlukta og naturen. Det påverker i alle fall arbeidet mitt at eg vaks opp så nær naturen, og det er viktig for meg å bruke vestkysten i filmane mine.

oblivion_screenshot

Oblivion

Hvordan ble du intressert i fotografi?

– Av ein ren tilfeldighet, faktisk. Eg jobba med musikk og sang i mange år før eg, i ein alder av 13, plukka opp eit kamera og begynte å sjå verden gjennom søkaren. Sida har det naturlig utvikla seg til filmproduksjon.

Kortfilmen Oblivion, der du kritiserer moteindustrien, har fått masse oppmerksomhet, fortell om hvordan den ble til?

– Filmen er ein politisk fashion-film, som vart laga til utstillinga Moments Of Consequence, som var vist på Rådhusgalleriet i april (2014). Eg hadde nettopp «sett lyset» når det gjaldt tekstilbransja og dens mørke side, og ville bruke muligheta til å lære meir om temaet. Eg hadde tidligare laga ein film om dei fire elementa, der eg brukte ein spesiell teknik som eg vidareførte til Oblivion. Eg ville lage noko som provoserte, informerte og ga resultat, rett og slett. Eg har fått mykje tilbakemeldingar, og håper – om ikkje alle, så at nokon blei påverka og nyskjerrige nok til å sjølve lære meir om korleis industrien fungerer. Målet var å nå ut til unge mennesker, som er verstingane når det kommer til impulsshopping.

Lever du som du lærer? Hvordan handler du selv moteklær?

– Etter eg lagde Oblivion, har eg slutta å shoppe i utide. Eg kjøper det eg treng, og då helst bærekraftig. Eg fekk avsmak på impulsshopping og shopping utan mål og meining, og det har gitt meg ein heilt ny kjensle av frihet. Eg syns uansett det er viktigare å støtte norske designere, og handle hos dei. Der er så mange talentfulle norske designere som jobbe bærekraftig. Og du finner dei både i butikk og på nett, for dei som ikkje bur i byen. Og så er det positivt at nettsider som justfashion. no kjem fram. Dei gjer det enkelt for folk å kjøpe bærekraftig design, samt informerer om det som skjer i bransjen, både på godt og vondt. Det fins ikkje lenger ei unnskyldning for å ikkje kunne finne den informasjonen ein treng, ein må bare ta seg tida.

Favoritfotograf?– Greg Williams (britisk cinematographer og fotograf) er ein kjempeinspirasjon.

Har du et miljøbudskap?– Ro ned, shop med måte, tenk bærekratig, lær barna dine om miljø og les merkelappen.

Vakreste stedet?

– Kinn er eit must å besøke (øya som Into Wilderness vart spelt inn på). Men generelt Sogn og Fjordane er nydeleg, og spesielt ved kysten!

Etter eg lagde Oblivion, har eg slutta å shoppe i utide

Etter eg lagde Oblivion, har eg slutta å shoppe i utide

Hva er det mest forferdelige du har sett når det kommer til miljøforurensning?

– Heile fast fashion-industrien er eit stort, grusomt og unødvendig problem. Og den mengde vatn som blir brukt i tekstilbransjen, er heilt enorm og skremmande!

Om du får velge én person som er et forbilde, og som har påvirket deg i livet, hvem er det?

– Mamma. Ho er det mennesket som alltid har vore der, og støtta meg uansett kva veg eg ville gå. Det er på grunn av ho at eg jobbar med film i dag. Eg vaks opp med ein stor variasjon av filmar som ho viste meg, og ho lærte meg mykje om film. Ho er alltid ein del av produksjonen av arbeidet mitt – eg kunne ikkje klart meg utan ho.

Alle i Norge har et forhold til naturen, og allikevel er det mange som ikke virker å bry seg om miljøet. Hvordan tror du det har seg?

– Mange er nok blinde på den flotte naturen og miljøet som er rundt, og bekymrar seg ikkje for at naturen kanskje ikkje er den same om 100 år. Vi lever trygt og godt i Norge, noe som gir veldig mange grunn til å ikkje engasjere seg – når det burde motivere til å beskytte det vi har. Etter mi erfaring er folk skeptiske til å forandre vanane sine, for å bedre miljøet på sikt. Men eg trur likevel vi går i riktig retning. Det er fleire og fleire som er engasjerte, og det vil til slutt vege opp for dei som ikkje er det!

Neste prosjekt?

– Eg er i utvikling av ein fiksjonskortfilm som skal vere klar i 2015, der vestkysten er ein viktig faktor. Den norske kyst og natur vil vere konstant i arbeidet mitt, som er mi måte å reflektere rundt miljø og bærekraft.

Hva gjør du om 10 år?

– Jobbar heiltid som filmskapar, både med kortfilm og spelefilm. Bur i fint hus med kjæresten, har hund og eit barn, reiser rundt med jobben og fortsetter å ha natur, bærekraft og miljø som tema i film. Det er i alle fall draumen, så får vi sjå kva som skjer. Ein ting har eg lært – ingenting blir som planlagt, men det er det som gjer livet spennande!